Frå framvisinga av Ronja røvardatter i vår. Mattis (Ola Sande) fortel Ronja (Anna Hatløy) om kva ho må passe seg for, med røvarane Lille Klippe (Benjamin Rise Grimstad) og Sturkas (Sigurd Moen Myrene) som vitne. Foto: Vikebladet Vestposten, arkiv

- Vi svært glade for at vi no kan tilby drama, og vi har hatt fleire som etterlyser nettopp dette tilbodet, seier Dagestad, som opplyser at søknadsfristen vert sett til 15. mai. Det vert satsa på å starte med to grupper med 10-12 elevar i ulike aldrar.

Ho fortel at her vert det lagt vekt på leik og skodespelarteknikk generelt.

- Kroppspråk og stemmebruk og behandling av tekstar og rørsler, er sjølvsagt viktig, held ho fram.

Sminketeknikkar innan for skodespel, vert det også høve til å lære, i fylgje rektoren.

- Kva slag førestillingar skal de ta sikte på?

- Vi tek sikte på å arbeide fram imot både store og små framsyningar, og då i samband med musikkelevane, avrundar Astrid Dagestad spent.