Det var nok mange av dei frammøtte i Ulstein kyrkje søndag kveld som fekk den gode julestemninga. For her fekk ein i år som i fjor, og mange år før det igjen, servert flott og vakker korsong.

Organist Ståle Helvig ønskte folk velkomen til konsert, og sette i gong den første allsongen for kvelden, «Høyr kor englane syng i sky».

Hemingen først ut

Flø-koret Hemingen var først ut på scena, og tok både i bruk solist og trekkspel. «Nå vandrer fra hver en verdens krok» blei framført på flott vis som første song. På «Mitt hjerte alltid vanker» spelte dirigent Kåre Jørve trekkspel. Koret heldt så fram sitt program med «När det lider mot jul» og «Julenatt».

Etter salmen «Eg synger jolekvad» var det klart for Con Moto, med dirigent Svein Eiksund i spissen.

Con Moto framførte Alf Prøysens «Romjulsdrøm», «Marias vuggesang», «Stille natt, heilage natt», før dei tok til på sitt siste nummer.

Solist Stig Grimstad song med Con Moto-koret i ryggen, på «Den heilage stad». Ei flott og kraftfull framføring av Grimstad.

Refleksjon til ettertanke

Det blir ikkje julekonsert utan ein flott tale, og i år var det Gerd Vik Flø som leverte denne. Ho delte nokre refleksjonar med publikum, som underteikna trur mange kan kjenne seg igjen i. Ho snakka mellom anna om det å smile og vise glede. Det å sjå andre.

– Ta på deg dei gode brillene når du går ut og møter dagen, sa Flø.

Ho snakka også om einsemd, og det å verkeleg bry seg om andre.

– Einsemd er diverre eit større og større problem i samfunnet vårt. Folk må sjå seg om, og bry seg meir om kvarandre, sa ho la til:

– Så må vi tenkje på familiane våre. Vi må tenkje på tid med dei framfor pengar.

Vakker solo

Etter salmen «Det hev ei rose sprunge» var ei adventspynta Ulstein kyrkje klar for neste korinnslag.

Ulstein mannskor, med dirigent Robert Skeide i spissen, stilte seg opp på korbenkane.

Deira første song var med solist, og det var Birgitte Vik Wymer som song. Ho song fantastisk flott på «Julenatt».

Mannskoret song så «Ved krybben» og «Sjå tusen julelys». Sistnemnde song var med Kristian Skeide som solist.

Godstemning

Etter allsong på salmen «Barn Jesus i en krybbe lå» var det tid for rytmar og endå eit hakk til med godstemning i kyrkja.

For siste korinnslag for kvelden var ved Gospelkoret.

Og det tok av frå start av. På songen «The night that Christ was born» song Mari Ann Vattøy solo, slik ho også gjorde under den flotte konserten til Gospelkoret tidlegare i år.

Gospelkoret song så «Unto the king» og «Deilig er jorden».

Så avslutta ein med allsong på salmen «Å, kom nå med lovsang».

Ein flott tradisjon

Vakker song og musikk heng tett saman med adventstida og jula. Såleis lukkast kora i Ulstein også i år på framifrå måte å bringe fram den gode julestemninga hos dei frammøtte i Ulstein kyrkje.