Polarkvelden på Ishavsmuseet i Brandal er i år det aller første arrangementet i Hareidsstemna. Tema «polarkokken Adolf Henrik Lindstrøm». Lindstrøm er den som har flest polare ekspedisjonar av alle våre gamle «polarheltar». Han segla ei årrekke om bord i «Fram», og  var med både sørover og nordover på polare ekspedisjonar.

Det  er forfattar og journalist Jan Ove Ekeberg som held foredraget denne kvelden. Ekeberg har stor interesse for det polare, og har skrive ei framifrå bok om Lindstrøm.

Mange vil kjenne Ekeberg sopm TV-kjendis. Han har 30 års erfaring som avisjournalist og frå NRK og TV2.

Han har ein mastergrad i statsvitskap frå USA. For tida leier han økonominyheitene på TV 2 Nyheitskanalen.

Han er også ein dyktig foredragshaldar.

Jan Ove Ekeberg debuterte som forfattar med ein biografi om Gro Harlem Brundtland i 1996. Totalt har han skrive, eller vore medforfattar til, fem biografiar, ei norgesbok, to skjønnlitterære romanar og tre syngespel.

Adolf Henrik Lindstrøm

«Han har ydet de norske polarexpeditioner større & værdifullere tjenester enn noen annen mann.» Det skreiv Roald Amundsen om Adolf Henrik Lindstrøm under opphaldet på Framheim, siste utpost før erobringa av Sydpolen i 1911.

Adolf Henrik Lindstrøm (1866-1939) deltok på alle dei store, klassiske polarekspedisjonane med Nansen, Amundsen og Sverdrup. Han var også den første som segla rundt heile det amerikanske kontinentet.

Lindstrøm var ein glimrende kokk. Hans «Biff à la Lindstrøm» står framleis på mange menyar, og vart i åra rundt første verdskrig servert på alle Grand-hotell i Nord-Europa. I tillegg samla Lindstrøm stein, pressa blomster og preparerte skinn for samtidas fremste naturvitskapsmenn. Og han var ein erfaren sjømann, ein god jeger, skiløpar og hundekøyrar.

Med sin menneskelege varme og enkle kvardagspsykologi skapte han heimleg atmosfære på dei mest forblåsne plassar på jord. Også dei store, nasjonale heltane kom til han med sine sorger og bekymringar. Lindstrøm sitt uoppslitelege humør gjennom månader og år med sprengkulde, mørketid og isolasjon gjorde han svært verdfull ute i isøydet.

Som vanleg vert polarkvelden avslutta med middag for dei som ynskjer det. Og denne gongen er det naturlegvis «Biff à la Lindstrøm» som står på menyen. Påmelding for mat