Ulstein Frivilligsentral er ti år i år. Det meiner styret er vel verdt ei markering.

Markering av Frivilligsentralen blir i veke 38 (15.-21. september). Torsdag den veka, 18. september, blir det fest på kvelden på Sjøborg kulturhus.

Der blir det underhaldning og god mat. Mellom anna har Perly Lise Pedersen takka ja til å halde eit føredrag om Fredrikke Marie Qvam og Gerd Fjellanger vil lese dikt. Det blir sendt ut innbeding til lag, organisasjonar og einskildpersonar før ferien.