Kaja Rode deltek denne hausten i TV2-programmet "The Voice". Fredag vart hennar audition, der ho song Beyonce sin "Listen", sendt på TV2.

Det er fire mentorar, Lene Marlin, Morten Harket, Yosef Wolde-Mariam og Martin Danielle, og deltakarane må overbevise minst ein av desse om at dei fortener å få sjansen.

For Kaja Rode var det ikkje berre ein, men alle fire mentorane som ønskte henne som ein del av sitt team, og 18-åringen fekk ståande applaus etter si framføring.

- Alt var berre lidenskap. Det der var galskap, sa Yosef Wolde-Mariam etter Rode sin audition. Rode valte også å ha Wolde-Mariam som sin mentor vidare i konkurransen.

Sjå Kaja Rode sin audition på TV2 sine sider.