Årets julefest hadde ei ekstra rosin i pølsa, eller skal vi seie ein ekstra nellik i appelsinen. Det 33 år gamle pianoet som har tenestegjort i Samlingshuset vart nemleg erstatta med eit flunkande nytt Hoffmann-piano frå Tyskland. Under innviinga av pianoet vart det sagt at pianoet er prøvespelt høgskulelektor Bård Dale ved Høgskulen i Volda, og at han gav det ein svært god attest. Dermed ligg alt til rette for at pianoet skal gi mange gode musikkstunder for bygdefolket i Eiksund, særleg i samspel med det 100 år gamle orgelet som også er stasjonert i ”Huset”.

Ildsjeler står bak

Ingrid Remø og Gro Brandal fekk retta ein ekstra takk til seg under innviinga. Det er nemleg desse ildsjelene som har gjort finansieringa av pianoet mogleg. Dei har på vegne av Eiksund Bygdelag samla inn sponsormidlar frå Sparebanken Møre, Sparebank 1 og ikkje minst det no nedlagde Eiksund Blandakor. Julefesten i Eiksund var elles av det tradisjonelle slaget, med mellom anna allsong og juletregang, i tillegg til at søndagsskulen i bygda framførte sin versjon av Juleevangeliet.

Ingrid Remø og Gro Brandal vart takka med blomster og juleklemmar for arbeidet med å samle inn pengar til pianoet.