Designet på båten er sjølvsagt ei trygt bevart løyndom, men dei kan forsikre folk om at å bygge ein tasjansen-båt ikkje er så veldig vanskeleg. Nokre gode idear og ein velutstyrt garasje er det som skal til. Det viktigaste er å lage ein båt med særpreg, som publikum hugsar på når dei skal stemme. Det vert premiering av dei to raskaste båtane, samt publikumsfavoritt og fiaskopris. Dei to sistnemde er det publikum som avgjer. – Vi går sjølvsagt for raskaste båt, men det er vel mest sansynleg fiaskoprisen vi endar opp med, seier Line Myklebust. På nettstaden til trebåtfestivalen, www.trebaatfestivalen.no, er måla på rampen oppgitt, samt nokre enkle tryggleiksreglar. Utanom desse står båtbyggarane fritt med tanke på byggemateriale, talet på personar og utsmykking. Marita vil ikkje røpe temaet dei har valt for sin båt, men oppfordrar folk til å kome å sjå på - eller delta med eigen båt, for dette blir glamorøst! – Ta sjansen skal gå av stabelen ved kommunekaia, og det vert scene med pauseinnslag og ein dyktig konfransier, heiter det i pressemeldinga frå arrangørane. – Målet er å gjenskape noko av stemninga frå Holmenkollen. Vi gler oss, dette er eit perfekt høve til noko kjekt å sosialt saman med venner, kollegaer eller andre, seier Line og Marita, med oppfordring til alle om å melde seg på.