- Det har blitt tradisjon å kome oppover hit for å spele og kjenne den friske sunnmørslufta, sa Hedvig Garshol.

I helga har ho vore aktuell på heimebane i rolla som trollkvinna, Kjerring Bråte, i Herøyspelet "Kongens Ring". Ho trivast godt på gamle trakter noko den glimrande skodespelarprestasjonen ber preg av.

Ho var med i spelet for fyrste gong i 2002 i rolla som Unn, og har seinare spelt alle dei kvinnlege hovudrollene. Med andre ord er Garshol ein rutinert skodespelar i Herøyspelet.

Audmjuk hovudrolleinnehavar

Hedvig Garshol er opprinneleg frå Ulsteinvik, men bor no i Bergen. Som utvandra Ulsteinvikar har Garshol gjort karriere som skodespelar, og ho har vore tilknytta mellom anna Den Norske Scene i Bergen, Hordaland teater og Riksteateret. Ho har også erfaring frå film.

Men i helga var det Herøyspelet på "sagaøya Herøy" som stod på agendaen til den allsidige skodespelaren. Vikingmusikalen ved havgapet vart i år arrangert for 25. gang. Som ei innleiing til framsyningane, vart det informert om at spelet no har runda 100 framsyningar. Dette hadde ikkje vore mogeleg hadde det ikkje vore for den vanvittige dugnadsånda som ligg til grunn og gjer at spelet fortsatt lev. Garshol trakk også fram dette som ein viktig faktor.

- Eg føler meg privilegert som får ved med på dette. Det er eit voldsomt engasjement og fleire er i sving over lengre tid for å få dette i stand, sa Garshol takksam.

Tilknyting til Ulsteinvik

Det vart vist fire framsyningar av spelet i helga, og trass i periodevise regnskurar var spelet også i år ein suksess. Spelet kunne by på fleire overraskingar og hadde fleire detaljar som holdt spenninga oppe i den ein og ein halv timen spelet varte. Garshol synast det alltid er kjekt å få kome oppover hit for å spele.

- Det er prikken over i'en. Eg kan også kombinere dette med å møte vennar og familie her på Sunnmøre, sa ho.

Far hennar er frå Ulsteinvik, og Garshol seier ho fortsatt har ei favoritt-tante som bor her, som kvar jul må sende "mør" nedover til Bergen. Ho verkar å ha ei sterk tilknyting til Ulsteinvik når ho seier:

- Sjølv om spelet tek stad i Herøy, er eg Ulsteinvikar i hjartet, slo ho fast.

Kjem vi til å sjå deg på Herøyspelet neste år, då?

- Eg er sambuar med regissøren, så vi får no sjå. Eg får prøve å legge inn gode aksjar, sa ho spøkefult.