Helga 5. og 6. juli er det igjen klart for Haugsholmendagar. Det er tredje året at Haugsholmens vener opnar opp den gamle handelsstaden rett nord for Stad.

Og programmet bør appellere til både store og små med barneteater, verdas kortaste motbakkeløp, historisk foredrag med Einar Lyngnes Dahle og minikonsert med Sindre Løvik med irsk-inspirert musikk. Og søndagen vert det tradisjonen tru friluftsgudsteneste.

- I fjor hadde vi suksess med «Kletten rett opp», så det gjentek vi i år og håpar folk legg seg i «hardtrening». Det er jo berre ein høgdeskilnad på ca. 40 meter, så det er overkommeleg for både store og små, seier Odd Kristian Dahle, leiar i Haugsholmens vener.

Haugsholmendagane har trekt folk frå heile Sunnmøre og også tilreisande frå andre kantar av landet. Sjølv med varierande ver, har det vore opp mot 1500 besøkande dei to dagane.

Som vanleg vert det sett opp båttransport frå både Kvamsøya og Hakkalestranda. I tillegg vert det sett opp buss frå Volda/Ørsta, men det krev påmelding til Kari Ristesund.

- Viss nokon har lyst til å vere med å hjelpe til er vi svært takksame for det. Dette er eit gedigent dugnadsløft, så vi treng folk til både store og små oppgåver og er glade for all den hjelpa vi kan få, seier Dahle, som presiserer at alle inntektene frå treffet går til å restaurere dei gamle bygningane på holmen.