- Det var ei litt "sprø" oppleving. Det var rart, men på ein positiv måte. Eg trur ikkje eigentleg det går an å førestille seg korleis det er å vere i ein slik situasjon. Eg følte eg blei slengt inn i ei heilt anna verd der ein skal takle utfordringane som var høgst reelle for nokre hundre år tilbake. Opphaldet var utfordrande både med tanke på arbeidsoppgåvene og kosthaldet som var relevante i den gjeldande tidsperioden vi "reiste tilbake i tid" til. Det var veldig artig å få prøvd seg, for eg var ganske så nysgjerrig før innspelinga på korleis eg kom til å takle det, seier Magnus Vartdal.

Saman med dei 13 andre deltakarane har Magnus reist tilbake i tid til året 1537. Deltakarane flytta inn i bygarden til dåtidas mektigste mann i Norge, sjølvaste Olav Engelbrektsson. Norge var i denne perioden i seinmellomalderen og Trondheim stod i sentrum av ein dyster maktkamp mellom den katolske kyrkja og den danske kongen. For dei aller fleste var livet hardt. Korleis dette blei for deltakarane kan du sjå frå og med 2. januar, då serien har sesongpremiere på NRK. Serien blir så å sjå på NRK måndag, onsdag og fredag også i dei ni vekene som følgjer etter premiereveka.

Korleis det gjekk for Magnus kan han sjølvsagt ikkje seie noko om.

- Men eg kan love at det blir spanande, seier han.

Budde i Hjørungavåg

22-åringen er for tida busett på Dovre i Oppland. Han blei fødd på Volda sjukehus, og budde sine tre første leveår i Hjørungavåg. Etter dette flytta familien søraustover til Oslo, før dei slo seg ned i Bærum. Sjølv om Magnus vaks opp på Austlandet, har han beheldt dialekta si frå Sunnmøre. Eller det vil seie:

- Det er eigentleg alt ettersom kven eg pratar med. Snakkar eg med dei eg vaks opp med i Bærum snakkar eg som dei. Snakkar eg med folk heime på Sunnmøre snakkar eg sunnmørsk, seier Magnus.

"Heime"

Han er oppteken av å seie "heime" når han pratar om Sunnmøre og Hareidlandet. Men det er heller ikkje så rart. For på begge sider av Eidet har han slekt som han prøver å besøke så ofte som han kan.

- Eg har besteforeldre på begge sider av kommunegrensa på Eidet. I Hjørungavåg bur farmora mi, i Ulsteinvik bur besteforeldra mine på morssida og eine onkelen min. Så har eg også ein onkel og ein fetter som bur i Eiksund. Eg kjem meg for sjeldan heim igjen, men prøver så ofte eg kan.

Magnus kjenner seg først og fremst som ein sunnmøring, innrømmer han til Vikebladet Vestposten.

- Ja, eg ser på meg sjølv som sunnmøring. Når eg blir spurt kvar eg kjem frå svarar eg Sunnmøre. Det er heilt naturleg for meg å seie det, seier Magnus Vartdal.

Han er lærling i smedfaget for tida, og det er mellom anna noko av grunnen til at det er vanskeleg å kome seg til Sunnmøre så ofte. Smedyrket er ikkje blant dei vanlegaste yrkesvala ungdommar gjer i dag, men Magnus trur nettopp bakgrunnen hans frå handverksfaga var til god hjelp for han i «Anno».

- Eg tenkte mykje på det på førehand. At eg hadde fordelen av å ha ein handverksbakgrunn. Men samstundes var eg veldig medviten kring at dei som har var der inne og hadde mykje meir livserfaring, kunne trumfe kunnskapane mine. Eg hugsar eg var spent på å sjå om eg kom til å sjå opp til dei som hadde meir livserfaring enn meg, og det gjorde eg. I «Anno» var eg ein del av ein gjeng med mange forskjellige bakgrunnar, og det blei mykje kunnskapsutveksling. Det er slike situasjonar eg likar veldig godt. Det var alt i alt ei spanande erfaring, og noko eg på ingen måte angrar på at eg blei med på, seier Magnus Vartdal til slutt.