Dei to venene, Bomull og Rynke, bur i ei skinnande, kvit verd, omgjeve av kvite fuglekasser.
Dei har på seg kvite klede, et kvit mat og passer med stor omsorg på dei kvite egga som fell ned frå himmelen. Dei passer også på at verda held fram å vere kvit og rein og ryddig.
Ein sjeldan gong dukkar ein rampete farge opp. Den blir fjerna med det same og kasta i bossbøtta. Men så ein dag fell plutseleg eit raudt egg ned frå himmelen, og snur opp ned på heile deira lysande, kvite verd. Snart dukkar det opp fargar overalt, gult.... grønt….blått…..lilla…
Kvit er ei leiken og høgst visuell framsyning, perfekt som eit første møte med teateret. Med fantasi, humor og innsikt, viser historia oss korleis forandringar og nye opplevingar på same tid vekkjer redsle og motstand i oss, så vel som nyfikenheit, belønning og glede - uansett alder.
Denne produksjonen hadde først premiere i Edinburgh i 2010 og har sidan turnert med stor suksess rundt i Storbritannia, USA, Australia, Kina og Japan før han fekk noregspremiere på Barneteatret Vårt i september.
Gode meldingar
Sunnmørsposten gjev framsyninga toppkarakter og skriv: «Barneforestillinga «Hvit» er ei skinnende lita perle. Med humor, budskap og gjennomført forseggjort scenografi.»
Romsdals Budstikke skildrar «Hvit» som «Eksistensielt barneteater» og gjev terningkast seks.
«Hvit» er skapt av Andy Manley og Shona Reppe og på scenen står John Sigurd Kristensen og Jonas Delerud.