Som ein inngang til jula arrangerte Ulstein kyrkje, tradisjonen tru, den populære julenattineen. Eit stort persongalleri av musikarar og songarar skulle her synge kjente og kjære julelåtar for dei betalande. Og dei frammøtte fekk valuta for pengane: Det heile opna med ein versjon av «Nativity Carol» der Kari Aske Osnes, Einfrid Grindheim og Arnt Ole Grimstad song; først saman, så solo, så saman igjen. Ein fin start på ein fin konsert som til slutt klokka inn på nesten to timar.

Det var mange i aksjon denne kvelden, og fleire fortenar heider. Eit heilstøpt kor – der alle vel var framme ved mikrofonen som solistar – og eit dyktig band – fiolin og bratsj kom verkeleg til sin rett – brakte jula for alvor inn i Ulstein kyrkje.

Truls Røyset Håbakk leverte ein svulmande tolking av «Panis Angelicus», lydbildet var stort og modig, røysta hans bar songen fint fram. Ingrid Støylen Runde og den tidlegare Idol-deltakaren Rune Sæter imponerte: Førstnemnde med ein vakker, nedtona versjon av «O Come, O Come Emmanuel»; sistnemnde på ei finfin nynorsk-omsetjing av «Joy to the World» (her: «Gled deg, allverd).

Den vakre «Nordnorsk julesalme» med Ingrid Nerhoel var upåklageleg; likevel sakna denne journalisten litt meir variasjon i sjanger og tempo, det vart i overkant likt til tider. Derfor var det på sin plass at Ståle Rasmussen kom fram med gitaren og rocka det heile opp med «I Pray On Christmas». Det såg tilhøyrarane ut til å sette pris på.

Så var det duka for Refleksjon med Øyvin Sønnesyn som oppsummerte 2012 slik: frå dommedagsprofetiar til det utenkelege; nemleg at Hødd vann cupgull. Då han tok fram provet på dette, sjølve kongepokalen, kom latteren fram blant publikum. To andre aktørar er særleg verdt å nemne. Ungfolen Tomas Håndlykken imponerte stort med «The Shepherd Song». Den friskkinna tenåringen overbeviste alle og einkvar, og viste at han utvilsamt har ei framtid innan musikk. Det same gjorde ein annan ungpjokk: 19-åringen Bror Magnus Tødenes gjorde det modige då han utan mikrofon framførte «O Helga natt» - udødeleggjort av Jussi Björling – og ståande på skuldrane til kjempar gjorde han ingen måte skam på klassikaren. Mektig og storslått.

Dei 377 frammøtte – så å seie stinn brake – kunne gå ut av kyrkja med eit smil om munnen.

Tomas Håndlykken imponerte stort med «The Shepherd Song». Foto: Sondre Åkervik
Truls Røyset Håbakk leverte ein svulmande tolking av «Panis Angelicus». Foto: Sondre Åkervik