Det blir verdspremiere på ein film under årets Sandemesse, som går av stabelen på Larsnes neste helg. Filmfotograf Tor Sivertstøl vil då vise ein ny film som han gjennom selskapet sitt Tindefilm har laga på oppdrag frå Sande Næringsforum. Det skriv Vestlandsnytt.

Filmen er 19 minutt lang og syner kva Sande har å by på. Martine Almestad Hauge spelar ei sentral rolle i lag med Oskar Fjørtoft Sandanger - og saman oppdagar dei både Sande og kanskje også kvarandre, skriv avisa.

Les også: Tindefilm med verdsstjerne på laget

Filmen viser natur og landskap, bygder og bedrifter – og sjølvsagt er han også innom kulturlivet i Sande med Arthurspelet på Sandsøya som sikkert innslag.