Går det verkeleg ei and rundt ved Storedammen i Bugardsmyrane? Lokalavisa har fått inn rapportar om at så er tilfelle.

- Etter at Storedammen i Bugardsmyrane vart laga til skikkeleg, trekkjer den til seg både nye folk og dyr, fortel Bente Anita Pilskog som har sendt oss biletet av anda som går, eller rettare sagt står, ved dammen.

- Det er fyrste gong eg har sett ei and ved Storedammen, fortel Bente Anita.

Eksemplaret som er observert ved Storedammen er etter alt å dømme ei stokkand.