Eit av dei første arrangementa under Hareidsstemna i år er strikkekafé og konsert på Josefine førstkomande måndag. Hendinga er resultatet av eit samarbeid mellom TrådKråa og Josefine.

Denne kvelden vert det besøk i frå Rauma Ullvarefabrikk, som vil ha framsyning av dei nyaste modellane frå trådprodusenten. Etter det vert det god tid til både strikke, snakke i lag og spise gode kaker og fylle opp kaffikoppen. TrådKråa held ope slik at ein kan kjøpe tråd til nye prosjekt, og kaféen er sjølvsagt open heile kvelden.

Etter ei god pause på 45 minutt, entrar Anna Jossefin Jønson og Sofie og Simon Gjerde Tonev scena for å halde akustisk konsert.

Sofie og Anna Josefin starta å synge i lag for omlag eit år sidan, og har sidan då hatt jamneleg øvingar og opptredenar. Simon, som spelar trommer, kom etterkvart inn og har no blitt eit fullverdig medlem i mini-bandet, og har vore med å spelt ved fleire høve. Dette vert deira fyrste, heile konsert, men heilt sikkert ikkje den siste. Etter denne konserten startar øvinga fram mot ein julekonsert.