Når vinteren er på sitt kaldaste kan det passe bra å la tankane vandre til sydlegare breiddegrader. I fjor var det over tusen menneske som tok del i arrangementa på festivalen, noko festivalleiinga er særs nøgde med. – Me har hatt eit strålande publikum og er klare til å utvikle arrangementet vidare, seier pådrivar Bjarne Wærdahl. Det er den gode responsen frå året før som gjer at det blir ny fadofestival i år. Gjenhøyr Artistane for årets festival er klare. Tilbakemeldingane frå musikarane i fjor var overveldande, så fleire av dei vil spele i år òg. Opnar i Ørsta Årets festival opnar faktisk i Ørsta, på Hotell Ivar Aasen. Onsdagskvelden blir der fado i fleire avdelingar på hotellet. Kvelden etter blir det vinsmaking på same hotell. At Wærdahl legg delar av festivalen til Ørsta er nytt. Det er fleire grunnar til at han no satsar interkommunalt. Den eine grunnen er at han treng inntekter på fadofestivalen. Då Fadofestivalen var ny i fjor tente han ikkje pengar på festivalen. Sjølv om Wærdahl ikkje arrangerer festival for å tene store pengar på han, er festivalen avhengig av å ikkje gå i minus. For eit par år sidan hadde han portugisiske dagar i dag Ørsta. Det var ein stor suksess. Så då Ørsta tok kontakt med Wærdahl, for å gjenta suksessen tenkte pådrivaren som så at han kunne leggje delar av programmet til Ørsta. Slik ville han nå eit større publikum, dei som likevel ikkje dreg til Ulsteinvik på konsert. I tillegg kan det tenkjast at dei ved å gå på konsert i Ørsta får lyst til å høre meir av den flotte musikken, og så legg turen til Ulsteinvik. Ny nattiné Nytt av året er ein eigen Bossanova-nattiné, for å femne om fleire i den portugisiskspråklege verda. Denne festivalen i festivalen er fredagskvelden på Skibet Pub & Dancing. Hovudattraksjonen på Fadofestivalen er i år som i fjor António Zambujo. Han vart i 2008 kåra til årets fadosongar. Han heldt fleire konsertar i Brasil i fjor og gjer det stort innan bossanova, ein musikk som ligg det portugisiske hjartet nært. God mat og drikke Portugal kan by på mykje god mat og drikke, og under Fadofestivalen blir det høve fleire kveldar til å prøve seg på vinsmaking, bacalao og annan mat derifrå. Musikk, film og føredrag Der blir intimkonsert på Kaffikari, det blir festkonsert på Sjøborg kulturhus, for å nemne noko. Laurdag føremiddag kan dei som vil kome på workshop og få høve til å bli nærare kjende med fadomusikken. I fjor var det tre som melde seg på, men der kom 25–30 stykke. I år droppar Wærdahl heile påmeldinga, dei får berre kome dei som vil. Der blir det høve til å bli nærare kjende med musikkinstrumenta som blir brukte og korleis musikken mellom anna er bygt opp. Folk vel sjølve om dei vil ta med seg eigne instrument. Laurdag ettermiddag skal Cand.philol. Trudi Moniz halde føredrag om portugisisk politikk og kultur på 1900-talet. Og torsdagskvelden kan du sjå portugisisk film på Sjøborg. Wærdahl sin festival Sjølv om det i pressemeldingar og liknande blir vist til ei festivalleiing, er det ikkje andre som arrangerer festivalen enn Bjarne Wærdahl. Wærdahl sjølv synest det er best slik, då får han ta alle avgjerdene. Men han trekk fram at han har god støtte i Trudi Moniz, som skal halde føredrag og har omsett ein del av tekstane til António Zambujo til nynorsk. – Eg arbeider med eit cd-prosjekt som truleg blir ferdig til festivalen. Det skal syne eit tverrsnitt av songane til António Zambujo. Det blir nynorsk omsetjinga av songane av Trudi Moniz, fortel Wærdahl entusiastisk. Slik kan folk få eit betre innblikk i kva fadosongarane syng om. Sjølv om Bjarne Wærdahl sit i arrangementsnemnda aleine, tek han ikkje heile rekninga. Sponsorpengar frå ei rad entusiastiske sunnmørsbedrifter gjer arrangementet mogleg.