For ei tid sidan lufta vi her i spaltene spørsmålet om djupna på det nedre Garnesvatnet på Garneset. Somme har meint at det berre er eit par meter djupt, andre har hevda at det er like djupt som Haddalvika. Ole Garnes har no vore utpå - etter at isen fraus - og målt. Han har funne ut at djupna på det meste er 5 meter og 15 cm. På den staden vatnet ikkje hadde frose til - og der mange har trudd det største djupet er, målte Ole berre 4,60 meter. Grunnen til at vatnet frys seinare her er ei oppkome nede på botnen. Nå det gjeld nedre Garnesvatnet og fisk, fortel Ole Garnes at det vart sett ut 4000 aure-yngel i 1952. Halvparten var dansk bekkeaure med kvitt kjøt, den andre halvparten var norsk bekkeaure med raudt kjøt. For to-tre år sidan slo nokre heimevernsfolk seg ned ved vatnet og prøvde fiskelykka. Dei fekk mange - både av slike som var kvite og slike som var raude i kjøtet. Fin fisk alt saman, nokre over halvkiloet. Og karane steikte og styrte seg med dei. Det Ole Gjerde - og fleire med han - lurer på, er om desse fiskane som heimevernsfolka fekk for eit par år sidan kan vere av dei som vart utsett i 1952. I så fall må dei ha vorte godt over 50 år gamle? Blir auren så gamal? Eller er der verkeleg muleg å gyte i Garnesvatnet likevel? Vatnet får forsyning frå ei underjordisk vassåre, som truleg har kjelde i det øvre Garnesvatnet. Ein kan sjå kvar åra går ved å følgje brønnane bortetter neset. Ut av vatnet er der berre ei lita, grunn sikle. Men visstnok kan ålen gå opp frå Haddalvika. Og då kan kanskje auren gyte der? Ole Garnes legg til at han også har sett småfisk hoppe i vatnet. Det kan i alle fall ikkje vere slike som vart utsette i 1952.