Foto: arkiv

- Runde og området rundt har fleire store skattar; Rundeskatten, havstraumane, fuglefjellet og silda. No er det sjøfugl det handlar om, seier May Britt Haukås ved Runde Miljøsenter.

For no skal Runde Miljøsenter ta over Stavanger museum si samling av utstoppa sjøfuglar, som inkluderer eit komplett kunstig fuglefjell.

- Vi skal lage ei spektakulær utstilling, som også viser samanhengane i økosystemet, samspelet mellom havstraumar, fugl og fisk, seier Haukås.

I morgon, fredag 20. januar, kjem lastebilen som med samlinga frå Stavanger. Om alt går etter planen, skal utstillinga opnast til påske.