Takka vere sponsing frå BDO og Sparebank 1 får sjetteklassingane til saman 2000 kroner kvar dag dei til saman spring over 10 mil. Som ekstra motivasjon sponsar også G-Sport elevane individuelt med premiar til dei som samlar inn mest pengar.

Pengane går til Karanbaprosjektet i Brasil. Karanba er eit prosjekt sett i gang av Tommy Nilsen som går ut på å tilby marginaliserte born og unge frå Rio de Janeiros slumstrøk eit alternativ til gata og ei moglegheit for eit anna liv, gjennom fotball.

Mange av borna kjenner til prosjektet frå NRK, Hødd eller Norway Cup noko som gjer dei ekstra motiverte.

Bam Hide er ein av dei spreke elevane som spring for Karanba. Han og Sander Djupvik var rause nok til å ta ei pause i springinga for å gi ei utsegn angåande Miljøveka.

– Det er kjempetrist at dei er fattige, så det er kjekt at vi får samle inn pengar til dei, seier dei rause karane som låg heilt fremst etter ei runde.

Løypa gjekk frå Barneskulen, til Reiten og tilbake. Bam og Sander starta tøft, men heldt heile skuletimen ut og fekk dermed fem rundar totalt på ein skuletime.

Nådde dagens mål

Lærar Ronny Osnes kunne etter skuletimen fornøgd melde at målet var nådd.

– I alle fall for i dag, så får vi sjå utover veka om vi held nivået.

Heile skulen har denne veka fokus på miljø og nestekjærleik under temaet “Vi bryr oss”.

Også fjerdeklassingane på skulen skal springe denne veka, dei er sponsa av Tussa.