Erna Osland er ein av dei fremste barne- og ungdomsforfattarane i Noreg. Frå debuten i 1987 har ho gjeve ut ein rekke bøker i mange sjangrar, både fakta og fiksjon, og bøkene hennar har vore heidra med mellom anna Brageprisen og Kritikarprisen. I år er ho festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela. Maria Parr har vore nominert til Brageprisen og har vunne Nynorsk barnelitteraturpris for boka Vaffelhjarte. Kvelden byr også på musikk frå Lars Ivar Nordal og Bård Dahle, skriv Møre- Nytt.