Liavåg bur for tida i Ålesund, og arbeider deltid som grafisk designer i tillegg til å drive sitt eige atelier. Ho hadde si fyrste separatutstilling i Ulsteinvik for om lag tre år sidan, og sidan den gang har det balla på seg.

15 bilete

Liavåg målar med akrylmåling på lerret, og karakteriserer kunsten sin som fargerik. Bileta er figurative i den forstand at ein kan skimte til dømes tre, hus og landskap, men dei er ikkje naturalistiske, forklarar ho. Ho målar stemningar og brukar glade fargar. Liavåg besøkte Alnes i fjor, og fall for staden. Det er så fint der. Verkeleg naturskjønt, skryt ho.

Salsutstilling

Det er mange som ynskjer å vise fram bilda sine i fyret på Alnes, men Liavåg fekk sleppe til. Eg sende inn ein søknad, og fekk positivt svar. Eg trur dei syntest at bilda mine passa inn i omgjevnadene, både med farge- og motivval, seier ho.