Laurdag 25. april blir det boklansering på Adolfbuda i Gjerdsvika. Då lanserer Hege Norman-Stormbringer og Anna-Ma Olsson kakeboka si "Det norske kakebordet". Dei byr inn til gratis kakefest der alle er hjarteleg velkomne til å feire i lag med dei.

Boka inneheld gode tradisjonelle oppskrifter og fantastiske bilete. Schibsted forlag er forleggjar for boka og omtaler henne som "kakebordets Norge Rundt".

Kakebaking har høg status, i alle fall på Sunnmøre. Her tryllar ein fram dei lekraste kreasjonar med sirlege kremkrusedullar og intrikate mønster. Dei fleste etter oppskrifter og teknikkar som har gått i arv i generasjonar. Denne boka er fri frå ord som sukkerfritt, lågkarbo eller kveiteshots. Her blir kakane laga slik bestemora di gjorde det. Med ekte kjærleik og med ekte råvarer. Kake er kultur, tradisjon, omsorg og høgtid.

Hege Norman-Stormbringer frå Lillehammer budde fleire år i Gjerdsvika, der mange sikkert hugsar henne frå Kafé Kuling. No har Norman-Stormbringer flytta tilbake til Lillehammer, men ho seier at ho har lært det meste om kakebaking av driftige damer på Sunnmøre, så ho ser det som heilt naturleg å lansere boka si på Adolfbuda i Gjerdsvika.

- Me har fått uvurderleg hjelp av bakstedamer rundt om. Folk har bidrege med oppskrifter og nokre har til og med baka kakene til oss, seier Hege Norman-Stormbringer til Vikebladet Vestposten.