Her blir det opera, teater, film og musikk saman med laser, lys- og lydeffektar. Det er duka for magisk musikkteater for dei yngste.

Hanna Børseth Rønningen, Hildegunn Hovde og Knut Sævik leikar seg med songar av Mozart, folkemusikk og nyskrivne tekstar i denne fargerike framsyninga.

Romvesenet Superiopera Crescendo den tredje kjem til jorda på leiting etter ein magisk musikkeliksir. Ein intergalaktisk skurk har stole eliksiren til folket hennar. Eliksiren gjev innbyggjarane dei vakraste songstemmene i heile universet. Superiopera er den siste av sitt folk som kan syngje, og dei tre dronningane av Dell’Aria sender ho til jorda. Der møter ho Feleonora Fredrikke Fiola Klang som har ei hardingfele ho kan spele vakker musikk på. Superiopera har med eit skattekart med gåter, og saman med Feleonora og borna i publikum vil ho prøve å løyse mysteriet om den magiske musikkeliksiren. Framsyninga inneheld opera, klassisk musikk, folkemusikk og elektronisk musikk, og er spesielt tilrettelagt aldersgruppa 5-12 år.

Framsyninga såg dagens lys hausten 2012 og manus er skrive av Hanna Børseth Rønningen og Hildegunn Hovde. Det er Knut Sævik frå Ørsta som har laga mykje av musikken til stykket, som også har musikk av mellom andre Wolfgang A. Mozart. Han arbeider som komponist og musikkprodusent, og er i år nominert til Spellemannsprisen for tredje gong, med plata «Mungodelics».