Tysdag 9.desember held historielaget sitt årlege julemøte på ”Fredheim”. Møtet er som vanleg ope for alle. Av ymse grunnar er programmet for kvelden endra. Einar Grimstad har sett saman eit kåseri om Sunnmøre Ungdomsskule, no Sunnmøre Folkehøgskule. I ord og bilde vil han ta for seg historia for skulen frå starten og framover til no. Eit emne som sikkert vil interessere mange. Etter ei god matykt med smak av jul, med innlagt loddsal og sal av Levd Liv 2008, vil Aksel Hauge ta for seg juletradisjonane i Ulstein dei første etterkrigsåra og utover. Ein del av desse er borte, medan nye er komne til. Nokre i forsamlinga vert utfordra til å kome med supplerande opplysningar. Julesongen høyrer også naturleg med på møtet. Styret vonar på godt frammøte også i år på juletradsjonsrike ”Fredheim”.