Sjølv om det framleis var nokre ledige stolar i salen, var det god stemning under lovsongen på Sjøborg kulturhus.

Etter nokre fine songar av programverten Iver-Olaf Grimstad, assistert av eit velstemt kor i bakgrunnen og ulike musikkinstrument, fekk publikum høyre frå andre soloartistar.

Ann Cesilie Skundberg, Roy Muren og fiolinsten Bjarte Mo leverte alle flotte bidrag til kveldens lovsong.

Dei musikalske innslaga tok seg ei lita pause halvvegs, då prest Anton Heggvik tok ordet. Etter nokre velvalde ord inviterte Heggvik ein publikummar opp på scena, som han hadde møtt i førevegen.

Då dei møttest fortalde kvinna ei historie til presten. Den historia røyrande Heggvik:

- Ein kvardagshelt, fortalde presten på scena. Etter å ha delt si historie med publikum vart kvinna overrekt ein pris for sitt engasjement.

- Dette er eit symbol på at Gud heiar på deg, la Grimstad til i det han overrekte gåva.

Mot slutten av lovsongen kom nye artistar til, og dei frammøtte fekk høyre vakre og fine røyster frå båe Monica Goksøyr og Rolf Tømte.

Ann Cesilie Skundberg og Roy Muren. Foto: Joakim Rødven.
Monica Goksøyr. Foto: Joakim Rødven.
Fiolinist Bjarte Mo. Foto: Joakim Rødven.