Pressebilete av Knut Nærum. Foto: Fredrik Arff

Årets hovudtrekkplaster er Knut Nærum, kjend og kjær for dei fleste etter ei årrekkje i Nytt på nytt og ei lang liste bøker for store og små. Nærum kjem både til å underhalde dei yngste på fredags ettermiddag, med barneboklesing på Kafé Kuling, og dei litt større på laurdagskvelden, med høgdepunkt frå bøkene sine på Adolfbuda.

Elles på programmet har dei internasjonal kafé laurdag føremiddag, med mat frå alle nasjonalitetane som etterkvart er representerte i Gjerdsvika og omegn, og middag frå velkjende Madelynn Coffee på sundagen. Elles vert det stort og smått av musikalske og humoristiske innslag i løpet av helga.

Fredagskvelden samarbeider festivalen med Kafé Kuling om ein avslappa quizkveld for dei over 18.