Leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård, er nøgd med støtta og medlemsauken i mållaget. Foto: pressefoto

Den siste veka har over 400 medlemer meldt seg inn i Noregs Mållag.

- Det er veldig stas å få så mykje støtte frå så mange hald i denne saka. At over 400 folk har meldt seg inn i Mållaget, syner at mange meiner eit sterkt Noregs Mållag er viktig, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Aldri før har pågangen vore så stor på éi veke.

- Vi har ein jobb å gjere framover med å sikre ei god og slitesterk sidemålsordning, og eit norskfag lærarane er nøgde med. Til det treng vi både eit sterkt Noregs Mållag og at alle gode krefter arbeider saman, seier Håvard B. Øvregård. Han fortel at det er SMS-innmeldingstenesta som verkeleg har gått varm siste dagane. Ved å sende NYNORSK til 2490 kan ein bli medlem for 200 kroner.