Utstillinga finn stad på galleriet Stolper + Friends på Tjuvholmen, 19. januar, og Håvard Vikhagen vert sjølv til stades under opninga. Utstillinga rommar ti nye maleri i akryl og olje. Desse er måla i løpet av dei siste to åra, og er i stor grad forenkla motiv henta frå bylandskap.

Forenkla bylandskap

“Motivene utforsker spenningen mellom ro og flyktighet, fysisk og mentalt”, går det fram i ei pressemelding. Det går vidare fram at kunstnaren er oppteken av å framstille “folk i tilstander fra et oppløsende lys til et lukket mørke”. Dynamikken mellom det som er i rørsle og det som står i ro er framståande i bileta han stiller ut.

Ein av Noregs fremste kunstnarar

Håvard Vikhagen er fødd i 1952 på Hjørungavåg, og har eige atelier der. Han er no busett i Oslo, og har mellom anna stilt ut i Astrup Fernley Museet, Henie Onstad Kunstsenter, og vore festspelkunstnar i Bergen. Han har i fleire år vore rekna som ein av Noreg sine fremste kunstnarar, og høyrer hovudsakleg til den neoekspresjonistiske tradisjonen, med skildringar, ofte frå naturen, i mange og intense fargar.

Galleriet Stolper + Friends vert drive av multikunstnaren Magne Furuholmen og gallerist Hugo Opdal, som også driv galleriet på Flø.