– Kakene må vere leverte inn til oss klokka 11.30 laurdag 11. juni, fortel Synnøve Ingeberg, Heidi Ulstein, Solveig Kristensen, Wenche Mork og Dagny Wærdahl i Ulsteinvik Sanitet.

Kven som helst kan delta, og det er opp til kvar deltakar kva kake ein vil stille med. Kakene blir presenterte under eit telt på Rådhusplassen klokka 12. Då blir også den førebels hemmelege juryen presentert.

– Dette for at ingen skal leggje seg inn på dommarane og smiske, flirer dei fem sanitetsdamene.

Smak og utsjånad

Kakene blir vurdert etter både utsjånad og smak. Og det er fullt lovleg å vere kreativ. Når juryen har sett og smakt er det opp til publikum å ete opp kakene. Det blir også servert ein tår kaffi attåt.

Støttar lokalsamfunnet

Ulsteinvik Sanitet er svært viktige, og ser også på denne konkurransen som god profilering av organisasjonen. Saniteten har som mål å hjelpe menneske frå vogge til grav, og har i det siste spytta inn pengar i ei rekkje gode tiltak. Mellom anna har dei gitt 20000 kroner til krisesenteret for born og kvinner i Ålesund. Også frivilligsentralen, barnevernet og kulturskulen har fått støtte, det same har Byggeklossen Open Barnehage.

Påmelding

Vil du delta i kakebakekonkurransen då sender du anten ein mail til Dagny (dagnyconvex.no), eller så snakkar du med Wenche på Hårstova.