- Vi kan love mykje bra musikk både frå skulekorpsa og vaksenkorpsa i kommunen. Alle har brukt ettervinteren til å øve inn sine særnummer, i tillegg skal musikantane samlast laurdag og søndag for å øve inn fellesnummer. Vi har fått tak i gode instruktørar, så vi forventar eit svært godt resultat! , heiter det i ei pressemelding frå Musikklaget Melshorn . - De er hjarteleg velkomne til ei fin musikkstund i lag med oss unge og gamle musikantane! De treng heller ikkje tenkje på ettermiddagskaffen denne søndagen, for den kan de kjøpe på konserten.