- Det satt! Alle elevane var veldig flinke, smilte Kristine Hareide etter konserten. Ho har skrive musikalen som er basert på musikk av Kai Lennert Johansen.

I Hareidshallen onsdag var publikum vitne til ein kjempesuksess. Elevane frå musikk- og kulturskulen ilag med 4. og 5. klassingane ved Hareid skule skapte stor entusiasme og sjarmerte publikum i senk.

Musikalen omhandlar korpsjenta Pernille, portrettert av Sofie Gjerde Tonev som sit på ei trapp og ventar. Medan ho ventar møter ho mange ulike personar som alle fører til ein sang.

Dei dyktige borna hadde full kontroll på alt i frå replikkar til songtekst og akkompagnert av orkesteret beståande av born og vaksne frå kulturskluen vart det god stemning i salen.

Heilt til slutt sette og elevane dagsorden med sangen "Voksenvers", som set fokus på vaksne menneske sine stressfylte og travle liv.