Ein verdig vinnar, vil mange seie, om mannen som vart trekt opp av hatten til Oddbjørn Grimstad og Margreta Liavåg på kulturkontoret i Hareid denne veka. Alle vaksenkora i Hareid hadde nominert ein bass. Kåre Grimstad syng i dag fast i Vox Virorum, Hareid kammerkor og Grimstadkoret. I Vox Virorum og kammerkoret har han vore med stort sett sidan dei starta. Han debuterte som korsongar i Hareid godtemplarkor som 15-åring. Det er 52 år sidan idag. I mellomtida har han fått Norges korforbund sin 50-årsmedalje. - Men det er ingen prestasjon i seg sjølv å ha sunge lenge, meiner han. Kåre vil ikkje gå med på at han er ein erfaren korsongar - slett ikkje - men det trur han ikkje så mange av dei andre han skal synge saman med er, heller. - Men eg har då vore med i eit operaopplegg saman med Hareid kammerkor og Bigset blandakor. Så har eg sunge operastoff i Ørsta ungdomskor for både ein og to mannsaldrar sidan og med Ålesund operakor. - Mi erfaring med opera er at songane helst går i høgda. - Kor djupt går du eigentleg? - Det spørs kor forkjølt eg er. Vanlegvis får eg ikkje kraft på det når det er under den låge C, men på gode dagar når eg vel eit par tonar lågare.