Litt vandring vart det likevel. Vel og merke innandørs - i vassreinseanlegget på Gamleeidet.

Deltakarane, rundt 60 i talet, trykte seg saman inne i vaktrommet. Her fekk dei ei innføring av arbeidsleiar innan drift og anlegg i Ulstein kommune, Roar Ulstein, i korleis vassverket syter for at vatnet som i dag vert henta frå Mosvatnet stettar dei strenge krava til drikkevatn. For å reinse vatnet vert det pressa gjennom membranar som er så finmaska at berre vassmolekyla kjem gjennom. I tillegg vert vatnet utsett for ultrafiolett stråling. Deltakarane fekk gå rundt det store filteranlegget, mest som pilegrimar rundt den heilage steinen i Mekka. Men så er vatnet også det viktigaste næringsmiddelet vi har, noko Roar Ulstein understreka.

– Vassforsyninga er trygga på alle vis, kunne han forsikre.

Før vassverket vart skipa var det private brunnar som sytte for vassforsyninga i Ulsteinvik.

– Når busetnaden vart tettare vart dette uhaldbart. Brunnane vart forureina og folk fekk diaré. På 30-talet vart det difor tale om å skipe eit vassverk, fortalde John Osnes som er ny leiar i Ulstein Historielag.

Diskusjonen gjekk lenge om det var best å hente vatn frå Ulsteinelva eller Vikelva. Kommunestyret bestemte seg til slutt for Garnesvatnet som vart i bruk i 1958. Historielaget hadde alliert seg med Aksel Garshol og Johan Svoren, begge to med lang fartstid i vassverket. Dei kunne supplere med historier og hugsar framleis kvar dei gamle vasstraséane gjekk.

200.000 lastebilar

Gamleeidet var i si tid det viktigaste området torvspading for gardane i det som i dag utgjer Ulsteinvik.

– Dersom vi tenkjer oss at ein spadde torv i ei djupne på to meter på dette feltet som er rundt 1000 gonger 1000 meter, så utgjer dette to millionar kubikkmeter. Det har med andre ord vore spadd ut og brent opp torv tilsvarande 200.000 lastebillass oppgjennom hundreåra, skildra historielagsleiaren som hadde fått med seg Olav Molvær og Joakim Hofset til å fortelje om torvspadinga på Gamleeidet. På eidet stod det i si tid ei mengde torvsjåar på rad og rekke, kanskje så mange som opp i 30 stykke. No er alle borte.

Historielagsleiaren tok ikkje sjansen på å lokka deltakarane ut på myra, trass i at dei fleste hadde kledd seg godt for høvet. Det meste av programmet gjekk difor føre seg på plattingen utanfor reinseanlegget der ein i alle fall delvis fekk stå under tak. Det vart dermed ingen tur bort til restane av den gamle skytebanen som i si tid vart anlagt på Gamleeidet.

Nøyaktig når banen vart bygd og kven som stod bak prosjektet, det har ikkje John Osnes greidd å finne ut. Johan Svoren fortalde at då dei som gutar bygde demning for å lage til skøytebane på Gamleeidet, gjekk dei inn i det gamle styrehuset som gjorde teneste som utstyrslager for skytebanen, og «lånte» ein sekk med sement for å forsterke demninga. Dette var på 50-talet.

Skytebanen består av standplass og tre vollar på 100, 200 og 300 meters avstand. Vollane er 13–14 meter lange og framleis kan ein sjå beslaga som rammeverket for blinkane var festa i.

Dersom nokon kan fortelje meir om den gamle skytebanen på Gamleeidet er det berre å ta kontakt med redaksjonen.