Førstkommende laurdag, 25.april, arrangerer Sunnmøre Folkehøgskule Globalløp til inntekt for Ilula KFUK i Tanzania. Elevar og tilsette ved folkehøgskulen møter opp på Rådhusplassen for å springe og skape stemning. Vi inviterer enkeltpersonar, lag og organisasjonar til å delta på løpet.

Globalløp er eit sponsorløp der deltakarane skaffar sponsorar som støttar dei med ein sum pr. runde eller eit fast beløp. Pengane som kjem inn går ikkje til deltakaren, men til Ilula KFUK. Kvar runde er på ei kilometer og deltakarane skal springe så mange runder som mogleg på ein og ein halv time.

I forkant av løpet vert det oppvarming og program ved elevar og tilsette ved SUFH. Det vert også sal av kaffe, sveler med meir til inntekt for prosjektet. I etterkant av løpet blir det ei enkel avslutning med utdeling av diverse prisar. Den som klarer å samle inn mest pengar, får ein iPad i premie.

- Vi satsar på liv og røre og god stemning i sentrum denne dagen. Og ikkje minst satsar vi på å kunne bidra til nye muligheiter for nokon av dei som har det mest krevjande i verdssamfunnet.

Vi håpar mange har lyst til å bli med på globalløpet saman med elever og tilsette ved Sunnmøre Folkehøgskule. Om ein ikkje kan vere med å springe sjølv, så kan ein finn seg nokon å sponse, seier lærar Hilde Maria Nicolaisen.

Litt om kva pengane går til

Gjennom KFUK-KFUM Global har Sunnmøre Folkehøgskule inngått ein partneravtale med Ilula YWCA og Ilula Orphan Programme i Tanzania. Saman jobbar vi for utdanning og betring av levekår for born og ungdommar, mange av dei har mista foreldra. Ilula KFUK har ved hjelp av midlar frå SUFH etablert eit senter (nesten som ein folkehøgskule) som er ein heim for jenter i alderen 18+  som ikkje får plass på barneheim. Her får dei både ein stad å bu, opplæring og hjelp til livsmeistring i god folkehøgskuleånd. Målet er at dette skal vere eit kraftsenter for å jobbe mot dei grunnlegande årsakene til fattigdom. SUFH har kvart år fleire elevar på besøk til prosjektet og kvart vår har vi to utvekslingselevar som har vakse opp på senteret. Vi har sett at dette arbeidet på ein unik måte gir folk ein ny muligheiter.