Måndag 5. august er det 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd. Gåva til det norske folk på fødselsdagen, er ein musikkvideo av Dei gamle fjelli. Med fjell og folk frå Vestlandet i hovudrollene, har Dei gamle fjelli fått ei ny innpakning.
- Dette er vår gåve til det norske folk på Ivar Aasen sin 200-årsdag. Dei gamle fjelli er ein song som mange er glad i. Filmen er spelt inn i landskapet Aasen vaks opp i, med flotte skodespelarar og songarar i alle aldrar, fortel prosjektleiar for Språkåret 2013, Inger Johanne Sæterbakk.
Blir vist på flyplassar
Ivar Aasen var på reise nesten heile livet sitt, i arbeidet med å samle inn og skriftfeste dei norske dialektane i skriftspråket nynorsk. På 200-årsdagen vil filmen også bli vist til folk som er på reise.
- Flyplassane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vil vise filmen på infoskjermane sine på 200-årsdagen. På den måten får vi feira Aasen der folk gjerne er i august, nemleg på ferie, seier Sæterbakk, som håpar filmen vil leve eit langt liv også etter at 200-årsfeiringa og Språkåret er ferdig.
Opptaka til filmen blei gjort i juni i år i Dale i Sunnfjord, Ørsta, Volda og Stryn. Filmen er produsert av produksjonsselskapet Rollo Tomasi for Språkåret 2013. Regissør er Mikal Hovland.