Gallerist Hugo Opdal fortel til Vikebladet Vestposten at i samband med Elmgreen&Dragset si utstilling under Go With the Flø 28.-29. juni treng dei brukte sokkar til eit kunstverk.

Dei treng brukte og vaska sokkar med hol i. Sokkane skal ikkje vere par, berre den eine sokken.

Om nokon har ein einsleg holete sokk å avsjå har dei no sjansen til å vere med å bidra på utstilling med kunstnarar i verdstoppen.

Sokken/sokkane kan leverast inn på Glas&Rammesenteret i Bjørndalsvegen.

Opdal har jobba sidan 2011 med å få Elmgreen&Dragset til Flø, så han gler seg som ein unge til utstillinga.