- Vi har jobba med denne framsyninga sidan jul og har mange forskjellige dansestilar å vise fram. Alt frå klassisk ballett, moderne dans og jazzdans i mange former, fortel Penny Jackson Indreflø. Ho er leiar for prosjektet og har stått for koreografi, kostyme og regi. Vilde Dimmen og Line Emilie Kleppe (høvesvis Ulstein og Hareid) har hjelpt Penny med å instruere og koreografere dei yngste jazzballett gruppene som dei sjølv underviser. Publikum får å høve til å sjå spennande dans i to forskjellige framsyningar. På den første framsyninga er det dei yngste elevane frå Ulstein som vil vise seg fram, medan dei yngste frå Hareid får utfalde seg i den andre. Dei eldste elevane skal danse på begge framsyningane. Opplegget er omfattande; nesten 200 elevar skal i sving i alderen fra 6-18 år. - I år har vi ekstra flotte kostymer. Nokre hentar vi frå kostymelageret vårt og andre er heilt ferske, handsydde og spesielt utforma til desse framsyningane, fortel Penny, som trur danseframsyningane vil bli ei flott oppleving for publikum. -Alle elevane har øvd mykje. Dei siste øvingane våre vil bli halde på Sjøborg. Dette skjer torsdag kveld og laurdag – i timane før det første showet, seier Penny Jackson Indreflø, som entusiastisk legg til: - Alle lærarane og elevane synest det er utruleg flott at vi får danse på scena i Sjøborg. Vi gler oss stort alle saman og håper at publikum møter opp!