Historieforteljinga "Som ei dronning millom møyar - ei kjærleikserklæring til Ulsteinvik" som er akkompagnert av ein fin bileteserie med eit utsnitt av både nyare og eldre historie frå Ulsteinvik, har hatt totalt sju framsyningar.

Måndag var dei to forteljarane, Aksel Hauge og Magne Grimstad, på Bygdastova, og i går var dei hjå Alvehaugen bo- og rehabiliteringssenter.

Grimstad sa innleiingsvis at dei ynskja å fortelje ei historie om kva og kven som har drive fram dette samfunnet. Deretter byrja dei to med å synge Ulsteinsongen som er skrive av Helge Saunes. Dei trakk samstundes fram at songen fekk ein andre plass i Noregsglaset si store by- og bygdesongkåring i 2004.

Historiene dei fortalde var fokusert på viktige enkelthendingar og personar som har vore sentrale i oppbygginga av samfunnet i Ulsteinvik. Dei trakk blant anna fram rollene til fleire sterke kvinner som Inga Ulstein, Ellen Roppen og Sigrid Strand.

- Eg er Ulsteinpatriot og det er eg stolt over. Eg kunne ikkje tenkt meg å bo nokon annan stad, sa Hauge.

Tilhøyrarane både nikka og smilte til fleire av historiene. Fleire kjende seg nok att i mykje av det som vart sagt. Seinare i framsyninga inviterte forteljarane tilhøyrarane til å synge "Manuetten i mai" av Vidar Sandbeck i fellesskap.