Under Naturfestivalen kan du vere med på blomevandring og blomeverkstad i Ivar Aasen-tunet. Det blir føredrag om Ivar Aasens herbarium  med Torbjørn Urke tysdag 2. august og fredag 5. august feirar dei Ivar Aasens 203. fødselsdag med gratis kake.

Blomevandring

I blomeveka kan du vere med Torbjørn Urke på blomevandring i terrenget rundt Ivar Aasen-tunet og lære om dei ulike artane som veks her. Det blir også blomeverkstad for både born og vaksne, der du kan lage ditt eige herbarium og trykkje blomar. Tysdag held Torbjørn Urke føredrag om herbariet til Ivar Aasen, som du blant anna kan sjå inne i utstillinga.

– Ivar Aasen var også plantesamlar, og herbariet hans er utstilt i Aasen-tunet. Det høver fint å kombinere ei temaveke om blomar med Naturfestivalen, seier tunassistent Tale Burgess Øyehaug.

Arkitektur, barnebokstund og kafé

Temaveker er ein del av det nye sommarprogrammet i Aasen-tunet i år. Veka etter Naturfestivalen skal det handle om arkitektur.

– Fram til fredag 12. august inviterer me også til faste vekeprogram, med barnebokstund i utstillinga og songstund og eventyrstund for born i gamlemuseet. For dei vaksne har me mellom anna føredrag og bokkafé med høgtlesing av aktuell litteratur for vaksne, seier Øyehaug.

I tillegg er det faste temaveker heile sommaren.

Aasen-tunet har ope kvar dag i sommar, og kafeen serverer enkle smårettar, pannekaker og is. I butikken finn du eit stort utval nynorske bøker for vaksne og born og svært mange varer som du ikkje finn andre stader, til dømes ein serie turprodukt med Ivar Aasen-ordtak.

Torbjørn Urke vil ta publikum med på ei blomevandring og halde føredrag om herbariet til Ivar Aasen.