Tradisjonen tru held korpsa i Hareid vårkonsert i ettermiddag (sundag) i Hareidhallen.

Her vil både aspirantkorpsa, skulekorpsa og vaksenkorpsa bidra til at alle besøkande kjem i skikkeleg vårstemning.

I tillegg til at alle korpsa skal spele melodiar aleine, vil det også verte fleire fellesnummer. Bigset skulekorps og Hjørungavåg brass har saman danna eit stort brassband, medan Hareid – og Hjørungavåg skulekorps ilag med Musikklaget Melshorn, har blitt eit stort janitsjarkorps. Desse korpsa har hatt fellesøvingar dei siste vekene, til stor inspirasjon for både yngre og eldre musikantar.

Aspirantar frå Bigset, Hareid og Hjørungavåg har også øvd ilag den siste tida. Det skal bli kjekt å høyre dei unge, lovande musikantane i kommunen!

Vi vonar at alle musikk- og korpsinteresserte kjem og høyrer på oss på søndag. I pausen kan vi freiste med velsmakande kaker og kaffi. Det vil også verte loddsal.

Vel møtt til vårkonsert i Hareidhallen!