- Etter ei kort og intens semifinale har juryen og publikum stemt fram sine favorittar og vi sit att med tre superfinalistar. Det har nok ein gong vore tett "kamp" om plassane og det er kun marginar som avgjer om enkelte er med eller ikkje i superfinalen, heiter det i ei pressemelding frå Momentium.

Dei tre artistane som gjekk vidare til superfinalen er Amanda Tenfjord, Ahead of the Curve og Marre & Uro. Sistnemnte er Marius Ertesvåg og Marthe Urke Antonsen. Det er Ertesvåg som er låtskrivar og produsent av låten, medan Urke Antonsen er vokalist.

Vinnaren av Musikkprisen 2015 får sjansen til å spele inn plate i Ocean Sound Recordrings og spele under opningskonserten under Jugendfest på Color Line Stadion. Det blir kåring av vinnaren 29. april under ei storstilt finale på Terminalen Byscene i Ålesund. Framleis er det slik at publikum sine stemmer og jurystemmene tel 50 prosent kvar. Det er mogeleg å stemme på superfinalistane fram til 29. april.

Les også: Kan vinne Musikkprisen