Bigset blandakor klar til innsats. Foto: Leiv Arne Grimstad

Denne opningskonserten er ein av åtte konsertar under årets stemne, som strekker seg til og med søndag 24. oktober. Kormedlemene har ført lister over dei songane dei opp gjennom åra har likt best å synge - og framfører desse under tittelen “Djupt, inderleg og laust i snippen”. Det betyr at konserten inneheld songar i fleire sjangerar - frå Johan H. Grimstads “Lova Herren mi sjel” til Halvdan Sivertsens “Ti tusen tommeltotta”.

Bigset Blandakor har dei seinare åra markert seg med ei rekke musikkspel, seinast i fjor med “Riksveg 61” - eit opplegg over Bob Dylan sine songar. I nyare tid har koret også hatt to konsertar med irsk musikk og to såkalla åtgaum-konsertar med “køntri” og viser.

Dei andre konsert-aktørane under Hareidsstemna i år er Ole Edvard Antonsen, vokalgruppa PUST, Hamar Musikkorps/Jernbanens Musikkorps (m/ lokalt samansett operakor), Grimstadkoret, Musikklaget Melshorn, Vox Virorum / Vyrde mannskor og Kirsti Sparbo.