Blant nokre holmar dukkar det opp ein båt. Men det er ikkje kva som helst for ein båt. Det er det flytande biblioteket Epos. Når lokalavisa tek turen ombord, ligg den fortøyd ved kaia til Ulstein Betongindustri på Haddal.

Småtroll og HeksagonI tradisjon tru, lovar Epos show for gjestane sine. Frå Haddal møtte nokre av barnehageborna, som straks blei engasjerte i bøkene og gledde seg til underhaldinga. Forfattaren Christin Grilstad Prøis, held borna opptekne med ei barnehistorie frå ei av sine egne bøker. Borna blei kjende med Heksagon og hennar beste og einaste ven, klovnen Boboz gjennom forteljing, song og musikk.

Prøis skriv barnebøker, høyrespel, dramatikk og serieromanar. Ho har skreve fem bøker om Heksagon.

Jubilant i 2013Ombord møter vi også bibliotekarane Inger Lise Aarseth og Vidar Kursetgjerde. Vidar har jobba ombord Epos sidan 1977, og fortel at båten blei bygd av skipsverftet Fjellstrand AS i 1963. Den feirar 50 år i 2013.

- Eg veit ikkje korleis vi skal markere feiringa, men vi må jo finne på noko, fortel Vidar. Både Inger Lise og Vidar påpeikar Epos sitt framtidsretta konsept, og tykkjer det er fantastisk at mange finn vegen ombord å lånar bøker. Kanskje får den flytande historia om Epos, ei bok om seg sjølv i hyllene om nokre år?

Folk må bli litt flinkareDei ynskjer også å påminne om at det er utlån av bøker som held dei gåande. Utan bøker kan dei ikkje drive Epos. Vi merkar litt slurv med tilbakeleveringane, og håpar folk tek turen innom med det dei har liggande, og samstundes får låne med seg noko nytt heim.

Systemet ombord er endra, slik at ein ikkje lengre kan låne offentlig på skular, barnehagar eller liknande. No er alle lån personlege, og knytt opp mot den personen som lånar. Elles håpar dei folk besøkar dei når dei legg til kai i bygdene, og er opne for forslag frå folk om meir aktuelle tidspunkt.

Inger Lise fortel at det er eit vanskeleg puslespel å berekne besøka i bygdene i det tidspunktet flest folk er heime.

- Det har vore utrulig bra besøk både på Leikong og i Hjørungavåg, informerar bibliotekarane som kan skilte med mykje gode tilbakemeldingar frå lånarane.

Skuffa over Haddal skuleBokbåten var skuffa over at Haddal skule ikkje møtte dei på kaia denne fredagen. -?Det er jo mykje for borna si skuld at vi er her, stadfestar Inger Lise.

Bokbåtkontakt for Eiksund, Bente Mork Blindheim tykkjer det er kjekt at så mange unge kjem - og brukar bokbåten. Ikkje minst rosar ho medbygdingane for det flotte oppmøtet. Foto: Joar Drønnesund
Mange Eiksundarar fann vegen ombord Epos fredags kveld. Foto: Joar Drønnesund