Onsdag kveld hadde Dans- og scenelinja ved Sunnmøre Folkehøgskule premiere på framsyninga "Fargar". Det var eit fyrverkeri av ei framsyning, full av energi, kreativitet og gøyale påfunn. Og det som gjer det særleg imponerande er at det er elevane sjølve som har hatt ansvaret for kostymer, koreografi, lysdesign og scenografi. Dansarane vakna opp til ein gul, gul morgon. Deretter kunne alt skje. På den afrikanske savannen er det oransje som rår. Vidare vert vi dratt ned i det blå havet der vi fekk møte ei gruppe fiskar. På effektfullt vis gjengav dansarane fiskestimen sine karakteristiske rørsler. Ei gruppe nyfikne fiskar våga seg nesten bort til scenekanten før dei brått fekk det travelt med å kome seg vekk. Dansarane tek oss med inn i den grøne skogen der dei skumle og sinte trolla held til. Skummelt vert det ikkje når barnslege rosa kjem inn på scenen og når vi møter lysegrøn er det som teknisk etat si utegruppe i hiphop-versjon. Kjølige isprinsesser får vi også eit hustrig møte med, før vi får att varmen i ein heit og raud tango. Elles inneheldt framsyninga mellom anna også stepping og spedte forsøk på sjonglering. Skal vi absolutt setje fingeren på noko, må det einast vere indignasjonen over at fargen indigo ikkje var med. Ja, også lilla, då. Torsdag skal elevane framføre "Fargar" for over 200 barnehagebarn. Vi tippar at dei kjem til å kose seg minst like mykje som det litt vaksnare publikummet gjorde då framsyninga hadde premiere onsdag kveld.