Norsk Jazzmesse vart laga i 1990 - og er som tittelen seier gudstenestemusikk. Tor Edvin Dahl har skrive orda, Sigvald Tveit musikken. Som Ulstein-kantor Ståle Helvig sa det før det heile tok til: - Dette er spontan musikk som ber om spontan respons. Det er lov å klappe! For vanlegvis klappar ein ikkje ved gudstenesteledd - anna enn til barn. Helvig forklarte også kva ei messe er: - Ordet er det same som vi har i misjon og seier direkte omsett: "Gå, det er utsendt". Innhaldet er det same som når presten avsluttar preika med: "Gå i fred og ten Herren med glede". Jazzmessa samla 150 betalande i Ulsteinvik, 80 på Leikong og 30 i Slagnes kyrkje. Meldingane går ut på at aktørane spelte seg meir og meir saman i løpet av helga og at konserten i Slagnes kyrkje var den beste når det galdt dynamikk mellom band og kor. Koret og storbandet hadde fått med seg songsolisten Kari Aske, som framførte "Kyrie", "Sanctus", "Benidictus" og "Når vi deler det brød". Kari er som skapt for denne type musikk og kom på mange måtar til å stå fram som eit bindeledd mellom storbandet og koret. Ho tolka dei fire songane med sterk innleving - men spesielt gripande var "Benidictus" med sine råkande bilde: "mørket stormer" - "natten skriker" - "rommet kveler" - "stanken river" - "døden låses" - Men nettopp i denne nauda er Gud å rekne med: "Da er du hos meg, Du, min Far. Du, min skaper." Og så skjer det at: "vinden stilner" - "natten slukner" - "smilet tennes" - "barnet fødes" - og "ordet høres" ... Tekstane i Norsk Jazzmesse teiknar med tydelege kontraststrekar. Også der ting er utydelege - som i "Kyrie" der livsreisa blir likna med ei skipsreise frå hav til hav og mange erkjenner på denne hav-til-hav-reisa at "da jeg var barn bar hendene meg. Nå er de borte ... hvor er jeg kommet? BIllettene sier meg ingenting". I denne framandgjeringa blir bøna eit rop til Gud om å ta tak: "Ta tak i meg og rop: Kyrie, kyrie eleison". Det har vore skrive mykje dei seinare åra om konsertar med "trøkk" og konsertar som "swingar". Personleg har eg meir sans for dei stundene som grip - og dei var det ei god del av i denne messa. At programheftet hadde med alle tekstane var i så måte uhyre viktig - for det var i møtet med orda musikken fekk støypning. Ensemblet tok "Gloria" som ekstranummer: "Lek, syng og dans. Glem det du mister ... spør ikke hvor du er". Kyrkjekoret skal ha for at dei song svært reint, storbandet skal ha for at dei leverer høgt på skalaen. Daniel Moldskred Strand hadde ei rekke soloar (6-7) på trompeten sin. Andre instrumentalsolistar: Leiv Aarflot på trombone, Janet Gjerde på trompet, Rune Ertesvåg på gitar, Oddgeir Nygjerde på tangentinstrument, Gunnar Skodjevåg og Håvard Voldnes på saxofon.

Storbandet skal spele inn CD Ulstein Storband skal bruke våren til å finpusse sine beste melodiar ilag med solistar og ha ei "Greatest Hits"-framføring i kulturhuset under Ulsteindagane 9. juni. - Då skal vi osgå gjere live-opptak og gi ut musikken på CD,

Terje Tafjord dirigerte.
Frå v.: Elsa Havåg, ?? og Sølvi Myrene - songglede.
Oddgeir Nygjerde på tangentinstrument og Rune Ertesvåg på gitar.