Sendedatoen er ikkje klar enno, men opptaket for dette programmet skjer torsdag den 18. januar. Fredrik har vore med i "Beat for Beat" ein gong tidlegare, men det er fyrste gongen at Ørjan er med i dette populære syngeprogrammet. Vi fekk ein liten samtale med den velkjende duoen for å høyre kva kjensler dei har rundt å delta i dette programmet. Fredrik Steen meiner det er kjekt å få synge og leike seg litt. Dette programmet har jo vore ein vinnar i mange år! presiserer Fredrik. Han gler seg storleg til å få vere med her. Denne gongen lovar han høgtidleg å hugse å ta med seg klede! Sist hadde han gløymt å ha med seg nok klede, og han måtte låne ein forferdeleg stygg gensar frå NRK. Eg hugsar at det var ein grå patentstrikka gensar, som berre var heilt gyseleg! Fredrik lovar at denne gongen skal ha ta seg betre ut! Ørjan Liavåg skal delta i dette programmet for aller fyrste gong, og han gler seg! Ja, det er no eigentleg veldig uhøgtidleg. Som ein form for leik! smiler Ørjan. Han trur det skal bli artig å synge til eit så bra orkester. "Beat for Beat" er jo ei godt innarbeida greie, så dette blir bra. lovar Ørjan. Han påpeikar at det kan vere lurt for han og Fredrik å vise fjesa sine på skjermen med jamne mellomrom.
Kultur →
Sunnmøringar til "Beat for Beat"
Fredrik Steen og Ørjan Liavåg stiller på same lag i den nye runden til "Beat for Beat" i NRK1. På det andre laget finn vi Volda-jenta Simone Larsen frå D'Sound, som stiller med makker Mariann Aas Hansen.