Kari Aske Osnes, som tok over dirigentstokken etter Svein Eiksund i Con Moto, har no valt å gå av på grunn av at ho er gravid. Svein Eiksund seier til Vikebladet Vestposten at det var eit naturleg val for han å gå inn som dirigent igjen då det nærmar seg 30-årsjubileum. Neste år er det altså 30-årsjubileum for koret Con Moto. Eiksund ville i samband med dette jubileet likevel ha hatt mykje med koret og gjere, og han såg på det som praktisk å ta til som dirigent igjen etter at Kari slutta etter jul. Con Moto fekk også no i helga på årsmøte for NKSunnmøre tildelt songarstemne i 2008 i samband med at koret fyller 30 år. Det blir mykje å feire med songarstemne, nytt hotell og nytt kulturhus i byen. Etter 20 års innsats har Eiksund no takka for seg som leiar i musikkutvalet i "Norges Korforbund Sunnmøre". Her har han vore med å arrangere korist-kurs, dirigent-kurs og organisert stemner og konsertar. I Geiranger i helga fekk han under årsmøtet for NKSunnmøre heider og ære for arbeidet han har lagt ned. No er han altså klar med taktstokken og ny innsats for Con Moto.