Den årlege, landsomfattande miljøaksjonen Strandryddedagen blir i år halden laurdag 9. mai. Denne dagen ryddar vi strendene våre for plast og søppel. Aksjonen vart starta i 2011 – og har vakse i omfang kvart år.

I fjor vart ei samla kystlinje på 320.000 meter rydda. 14.000 søppelsekkar vart fylte og det vart lagt ned meir enn 20.000 frivillige arbeidstimar.

Alle fylke i landet deltek.

SSR inviterer kommunane Hareid, Ulstein, Sande og Herøy til å slutte opp om aksjonen også i år. Selskapet stiller med sekkar og tek imot avfallet vederlagsfritt frå dei som har fylt ut eit registreringsskjema for aksjonen.

Både privatpersonar, lag og organisasjonar, barnehagar og skular blir oppmoda om å delta i aksjonen, som vil pågå i både veke 19 og 20.

Både SSR og servicekontora i dei ulike kommunane deler ut sekkar.

Dei  lokale miljøstasjonane i Saunesmarka, Larsnes og Eggesbønes tek i mot sekkane i opningstida.