Høylandet i Trøndelag er kjent for revyfestivalane sine. Her er humor blodig alvor. Hit kan revygjengar frå heile landet konkurrere i NM i revy.

Og i år er Dimnarevyen plukka ut til å vere med! Søknadsfristen gjekk ut før årets revy vart framført, så dei måtte melde seg på med eit nummer frå revyen i 2013. Publikum for to år tilbake hugsar kanskje nummeret "Påkledning, - ikkje noko problem". Her får me sjå Wenche Markussen og Per Helge Vik som eit par som skal "ut". Kvinna har sjølvsagt ikkje noko å ha på seg. Ho strevar i lang tid, med ei hold-in-strømpebukse og prøvar mange habittar før ho bestemmer seg. Ho vert meir og meir oppgjeve, medan mannen tek på seg skjorte, slips og dress og er ferdig på 20 sekund.

Det heile går føre seg bak eit skjermbrett med lys frå baksida, så publikum ser skuggane av dei. Musikken framhevar den stadig stigande heftigheita og irritasjonen som oppstår når han trippar og ventar.

Trude Gurskevik Knotten kommenterer til lokalavisa at her er det timing og presisjon som avgjer kor vellukka revynummeret blir. Ho tippar det blir timevis øving framfor fram mot festivalen for dei to som skal i elden.

Heile Dimnarevy-gjengen gler seg til sommaren då dei kan sjå dei lokale stjernene stå på scenen med 3000 publikummarar framføre seg. Høylandet er eit Mekka for revyfolk.

- Jammen skal me støtte dei. På Høylandet er faget revy like viktig og alvorleg som matematikk og kjemi, så her gjeld det å gjere tinga sine rett, avsluttar Knotten.