Årets hareidskonfirmantar kunne knapt ha fått ei vakrare innpakning av høgtidsdagen sin. I alt tre konfirmasjonsgudtenester var gjennomført denne helga, to på laurdag og ei på søndag. Særleg søndagen kasta det flotte vårveret ein ekstra glans over dagen, men med naturen bresteferdig av spirande liv danna omgjevnadene ei flott og symbolsterk ramme.
Sjølv ferjene som tøffa til og frå verka festkledde i sin svarte og kvite dekor.
– «Tru» er eit godt ord! Trua held oss opp når vi har det tungt.
Leidulv Ø. Grimstad nytta det kjende bibelverset Joh. 3.16 som utgangspunkt for preika si, verset som også vert kalla «Den vesle bibel»: «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.»
– Å tru er å stole på Gud og slappe av i at Gud held det han har lova, sa presten som fortalde ei historie om ein mann som kom til eit hus med ei stengd dør. «Guds rike» stod det over døra. Mannen fekk ein nøkkel som det stod «tru» på. Denne fekk han låst opp døra med, og då han kom inn såg han at huset var fullt av ulike rom.
– Jesus seier, i far sitt hus er det mange rom. Kvar den som trur, står det, her er det inga gradering, understreka presten.
Før kvar einskild konfirmant gjekk fram for å verte bedne for, dyppa dei først handa i vatnet i døypefonten som stod i midtgangen, som eit «takk for sist» til sin eigen dåp for ein halv mannsalder sidan. Deretter gjekk dei fram og tende eit lys som dei sette i lysgloben.
Etter å ha fått prestehanda på hovudet, snudde konfirmanten seg mot kyrkjelyden og vart ståande eit lite bel. Ein flott og verdig vri på denne kyrkjelege handlinga.
Kateket Barbro Landmark bar fram ei helsing til slutt der ho takka ungdomane for laget og ynskte dei lukke til vidare.
Konfirmantane fekk med seg kvar sin bibel i gåve frå kyrkjelyden. Presten kalla boka for ein nistepakka full av næring for trua, medan kateketen likna bibelen med ein GPS som kan syne deg vegen.